Butikken
Butikken vår er på ca. 300 kvadratmeter og kan tilby det meste av varer til bygg, hus og hage. Vi har stort utval av måling og tilbehør, miljøtapet, ferdigtapet og flis. I butikken finn du Jorunn Leikvoll Bakke og Ann Mari Gjerde.
Dei hjelper deg å finne rett måling, golvbelegg, verktøy, hageredskap og festemiddel.
Ta gjerne turen innom for ein hyggeleg fagprat!
Trelast og byggevarer
Vi er frittståande forhandlar av trelast, byggevarer og verktøy for både privat og profesjonell verksemd. Med eit innelager på 1200 kvadratmeter – og tilsvarande uteareal – kan vi tilby eit breitt utval og ein effektiv og oversiktleg handel. Vi har eiga kai for deg som kjem sjøvegen.