Om oss

Kvinnherad Bygg tilbyr alle typar tømrar- og byggtenester, frå oppføring av nøkkelferdige hus til rehabilitering av eldre bustader. Vi tek primært oppdrag i Kvinnherad, men også i resten av regionen. Gjennom dotterselskapet vårt utviklar vi tomteområde i heile regionen og byggjer alt frå einebustader til leilegheitskompleks.

Sidan starten i 2003 har vi bygd oss opp ein kompetent stab. Vi kan takke våre dyktige og engasjerte tilsette for at vi har den posisjonen og det gode ryktet vi har i dag. Uansett kva tenester eller produkt du treng blir du møtt av ein
profesjonell og kompetent gjeng som gjer alt dei kan for at du skal bli fornøgd! Ingen jobb er for liten, og ingen er for stor – vi tek på oss alt frå små oppdrag til større prosjekt for både private kundar, næringsliv og offentleg sektor.
Vi har også eit stort utsal av trelast, interiørartiklar og verktøy.

Vi tilbyr:

  • Nybygg
  • Ombygging
  • Utvikling av tomtefelt
  • Trelastutsal
  • Butikk

Vi oppfyller bustaddraumen
Dersom du har planer om å byggje draumebustaden, kan vihjelpe deg på vegen. Skal du byggje på eiga tomt, har vi arkitektar som skreddarsyr bustaden etter dine ønske og moglegheitene på tomta. Du som kunde står alltid i sentrum – og vi har tett kontakt med deg gjennom heile byggjeprosessen. Kor mykje eigen innsats du vil leggje inn bestemmer du sjølv. Vi byggjer etter din eigen plan og idé, og sørgjer for at du får huset akkurat slik du vil ha det. Vi hjelper deg med teikning, prosjektering, byggemeldingar, sal og kalkulasjon. Enten du vil ha eit tradisjonelt, klassisk eller moderne hus gir vi gode råd om alle slags fasadar og planløysinga

Leverandører

  • moelven-logo
  • Mataki logo
  • Ølen travare logo
  • Tarket
  • smart
  • plannja
  • pergo
  • magnor
  • lyssand
  • isola
  • icopal
  • hunton
  • glava
  • gerfloor
  • forestia
  • fibo
  • optimera
  • byggmax
  • bmi
  • sdf
  • Bygg1